Tre grunnar til å springe Istanbulmaraton

Les Sondre Bjotveit sin blogg fra eksotiske Istanbul!

Denne magiske byen er mest kjent for sine moskear, basarar og tyrkiske bad. Alle med sine innbydande smykke for augesynet. Tre grunnar til å besøke Istanbul.

Det kulturmetropolen er mindre kjent for, er sitt årlege og vakre løpseventyr: Istanbulmaraton.

IMG_5739
Aya Sofya

Alt er ikkje rosenraudt. Iallefall ikkje når beina er urimelege. Det var full krangel med meg sjølv. Monsterbakken langs Topkapipalasset – slik ALLE omtala den aller siste kneika på denne 42 195 meter lange løypa – var EKSTREM. Kvar ein muskel skreik etter kvile.

Det høyrer meir til denne maratonfortellinga.

Annonse (Klikk på bildet for info/påmelding)

Istanbul har tre grunnane som motiverer til maratonløp. Byen er eineståande med å legge traseen frå eit kontinent til eit anna. Grunn god nok til å melde seg på. Eg let meg jo lett lokke av slike konsept (hugs eg har løpt maraton frå Zimbabwe til Sør-Afrika).

Attpåtil sirklar løypa på majestetisk, magisk grunn. Traseen osar stordomstid, anten det er frå tida som Miklagard, Konstantinopel eller no som İstanbul. Byen femner om deg med si pulserande kappe både som kulturell og finansiell metropol.

Den blå moskeen
Den blå moskeen

Og maratontraseen er lettløpt med sin relativt flate profil. Her er det mogleg å hauste personleg bestenotering. Likar du kortare avstandar på 10 eller 15 kilometer, er det tilbod om det også.

Maratondistansen er fascinerande krevjande. I starten går det leikande lett, kanskje til og med på dei tre første mila. Gradvis blir beina tyngre, minste bakketopp reiser seg fjellstøtt. Viljen får det vondt. Kall det gjerne maratonveggen.

IMG_5644
Spenninga stig på Expo

På oppløpet blir jamrande smerter viska bort, i Istanbul. Blidt folkehav heia maratonjagarane fram – dei fleste krokbøygde, tungt pesande og langt utanfor komforsona. Brusande stemning til det 36. løpet i Istanbul var heilt avgjerande for å få meg i mål.

Sluttraseen går langt lengre tilbake enn 1978. Vi måtte smyge oss i flukt med den Den blå moské, Aya Sofya og til sist heve hendene i ekte maratonglede på sjølvaste Hippodromen. Her let eliten under Romarrikets stordomstid seg begeistre av veddeløp.

Denne søndagen i midten av november var folkeskaren ein heilt annan. Vel sju tusen springarar la i veg over Bosporosstredet for førtitokilometer gjennom gatene i Istanbul. Godt over tredve nasjonar var representert.

#movembermaraton
#movembermaraton

Allereie på toppen av brua som bind Asia saman med Europa var det lett å slå fast. Kampen mot meg sjølv skulle bli ekstra hard. Jommen er det tipp topp, tommel opp å klokke inn på 3:19:51 som tredje beste nordmann (og eg som ikkje jaktar plasseringar). Men hjarterytmen var godt ivrig allereie etter to kilometer. Det skulle eg betale dyrt for.

Den berømte, siste mila (som eg faktisk hadde gleda meg til!) blei umåteleg røff. Normalt skulle eit ukupert terreng innby til fartsfest. Ei rask løype, var eg jo fortalt.

Eg gjorde støtt fleire forsøk. Prøvde å lure bremsene. Trakk opp det eine mentale knepet etter det andre, til inga lukke. Beina gjorde det motsatte. Då eg ville auke, slakke dei av. Tanken på avslappande tyrkiske bad frista meir enn sukkerbiten funksjonærane kunne tilby.

Langt frå lette steg
Langt frå lette steg

Nokre dagar etter er maratonslitet gløymt. Nesten. Det er like godt å sitte på ambassadekontoret med tanken om gode minner som det er forferdlig vondt å forsere trappene (ned er verst). Men ingen kan ta frå meg min 25. maratonmedalje på like mange månadar.

Sjølvsagt stiller eg til start også neste år. Det er jo tre grunnar til å hauste maratonglede i Istanbul.

Maratonhelsing frå Istanbul,

Sondre

 

 

– – –
Sondre Bjotveit er ny blogger på Sportsmanden som vi introduserte tidligere i høst etter Oslo Maraton. Med base i utlandet blir det mange spennende internasjonale løp, men et tøft konkurranseprogram inkluderer også mange norske løp. 

Les flere flotte innlegg på bloggen 42km.no

 

sportsmanden.no 

 

 

 

 

Lik gjerne
Del gjerne
Annonse (Klikk på bildet for info/påmelding)