Karmøy MaratonLøpingMaratonTerje Lyngstad

Fra kollaps og koma til historisk seier

Terje Lyngstad har opplevd mye på sine 101 maratonløp

Terje Lyngstad fra Jølster ble hedret for sine 100 maratonløp etter Karmøy Maraton. Inge Asbjørn Haugen, som selv løp sitt maraton nummer 509, overrakte vasen med inskripsjon på vegne av Kondis – norsk organisasjon for kondisjonsidrett. Vi ba Terje om en liten oppsummering av hva som var hans mest minnerike maratonløp, på godt og vondt.
Her er hans både dramatiske og rørende kortversjon av sin maratonkarriere så langt:

- - - - - Annonse (klikk på bildet) ⬇️ - - - - -
SAMSUNG CSC
HEDER: Terje Lyngstad får overrakt Kondis-vasen, det synlige beviset for at han har løpt 100 maraton, av selveste maratonkongen, Inge Asbjørn Haugen. Foto: Frode Monsen / Sportsmanden.no

«Eg sprang mitt første maraton på Jølster i 1991, 24 år gamal, sterkt motivert av djup kjærleikssorg og behov for vektreduksjon. Opplevinga var god, tida litt svakare enn 3.30, og eg var biten av maratonbasillen.

Frå 1991 til 1995 sprang eg 29 løp. Mi verste oppleving til denne dag hadde eg på Jølster i 1992. Eg fekk hjernekrampe og kollapsa 100 meter før mål, det vart m.a.o. den første av to DNF (did not finish) i mi karriere. Den andre var i Oslo i 2012 då eg sprang 200 meter før eg forstod at høgre hamstrings ikkje var i nærleiken av å ville vere med på ein 42 km lang løpetur.

Kollapsen på Jølster var dramatisk. Eg var i koma i 30 minutt, og hadde store smerter sjølv i medvitslaus tilstand. Då eg vakna på sjukehuset i Førde var eg sikker på at eg var død, og syntest det var merkeleg at eg skulle vere kledd i singlet og shorts i dødsriket. Eg sprang lite året etterpå, berre ein maraton, på Beitostølen. Kollapsen tok nattesøvnen frå meg i nesten eitt år og eg las ut heile bibelen utan at det hjelpte særleg mykje, verken på formen eller kjensla for det religiøse. I alle høve, eg fekk tilbake løpslysta litt etter litt og kom tilbake på maratonsporet. Persen på denne tida var 3.04 i Drammen i 1995. Kort tid etterpå sprang eg mitt siste løp på dette tusentalet, i Stavanger. Småbarn og hyppige jobbyte på siste halvdel av 90-talet førte meg rett inn i den berømte sofa- og cola-fella. Vekta steig til over 100 kg og inaktiviteten blomstra.

- - - - - Annonse (klikk på bildet) ⬇️ - - - - -

I 2006 fekk eit par kameratar meg med til Reykjavik Marathon. Då hadde eg alt begynt å trimme litt. Ein lokal fjelltopp fekk besøk av meg eit par-tre gongar i veka. Tida 4.24 på Island var ein siger for meg, og no byrja eg å trene meir regelfast. Neste løp, München i 2008, gjekk på 4.33, og det var framleis ein siger å kunne fullføre distansen.

I 2009 sprang eg to løp, i Berlin og New York, begge på sub. 4 timar. No var eg i gong. To år og åtte løp seinare, på nyttårsaftan, stod eg i kulden utanfor huset til søstera mi. Brått fór det eit stjerneskot sakte over himmelen, og eg var rask til å ønske meg noko. Sidan stjerna brukte så lang tid, sette eg meg like godt sju mål for dei neste fem åra: 1) kvalifisere meg til Boston (3.25 i mi klasse), 2) kome med i Boston, 3) krysse mållinja i Boston, 4) under tre timar på maraton, 5) vinne eit løp, 6) springe eit ultraløp og 7) springe mitt 100. maraton. Ein skal aldri fortelje til nokon kva ein ønsker seg når ein ser eit stjerneskot, men sidan alle måla mine er nådde, kan eg jo gjere det.

På veggen i stova mi heng det ei tavle der eg har hengt opp elleve medaljar. Dei er frå løp som betyr noko ekstra for meg. Eg har ei lita leiligheit, så eg kan lett kaste eit blikk bort på medaljane når eg treng litt ekstra motivasjon i kvardagen. Men tru likevel ikkje at dei andre løpa ikkje betyr noko for meg, for eg er alltid glad og fornøgd berre eg kjem i mål. Sånn må det vere for ein som har vore like mykje i baktroppen i løp, som langt framme i feltet.

Dei elleve medaljane er frå 1) Boston 2013. Eg kom i mål på 3.17 og gret av glede då eg møtte kjærasten min, Gro Tufte, i målområdet. Ein halvtime seinare vart det tårer i sorg over det feige terrorangrepet som drepte fire og skada nærmare 300 menneske.
2) Stockholm 2013. Mitt første sub 3-løp.Eg gløymer aldri kjensla av å springe inn på Olympiastadion i den svenske hovudstaden den dagen, ei heller at min 13 år gamle son kasta seg rundt halsen min og sa at han var stolt av meg.

Boston4
Boston Maraton er det aller største for Terje Lyngstad.
Foto: Privat

3) Boston 2014. Eg bestemte meg eit år i førevegen å reise tilbake for å heidre offera etter terroren, og sette meg som mål å springe mitt beste løp nokonsinne. Med orda «No more hurting people. Peace» på ryggen (orda åtte år gamle Martin Richards skreiv på ei teikning dagar før han døydde av den første bomba) sprang eg i mål til ny pers, 2.56.
4) Stockholm 2014. Eg sette ein pers som står enno, 2.54,06.
5) Jølster 2014. Min første og einaste siger med den herlege tida 2.59,58. Det er lite som kan måle seg med å vinne eit løp der start og mål ligg cirka hundre meter frå huset der eg vaks opp. Foreldra mine på 79 og 83 sat i kvar sin campingstol på oppløpssida og gret og heia på sin snart femti år gamle son.

Terje Lyngstad sammen med stolte foreldre etter sin første totalseier, attpåtil som den førstre jølstring som vant Jølster Maraton. Foto: Privat
HISTORISK: Terje Lyngstad sammen med stolte foreldre etter sin første totalseier, attpåtil som den første jølstring noensinne som vant Jølster Maraton. Foto: Privat

6) New York 2014. Tider og plassering er langt frå alt. Gro og eg tok med oss våre til saman fire born og andre i familien på ferietur til Det Store Eplet. Løpet gjekk på 15-årsdagen til guten min, og med 3.06 i kulde og sterk motvind vart løpet ein perfekt start på ei svært minnerik ferieveke for oss alle.
7) Karmøy 2014. Eg overraska meg sjøl med 2.59, klassesiger og 4. plass totalt i ei ganske krevjande og naturskjønn løype. Det er alltid stas med sub 3, men aller best er det å bli invitert og motteken så godt av mine gode løpsvener på Haugalandet, Inger Johanne Klokset og Morten Vestvik.
8) Boston 2015. Boston er Boston. Ingen løp over og ingen ved sidan, for meg i alle fall. Eg reiste tilbake åleine dette året, vel vitande om at det var siste Boston for min del. Ei pilgrimsreise som gjekk unna på tida 3.15.
9) Stockholm Ultra 100 km 2015. Mitt første ultraløp. Eg trente og levde som ein toppidrettsutøvar i heile juli, sprang to økter for dagen og logga 930 km. Resultatet blei 8.52, 10. plass totalt og beste nordmann.

SAMSUNG CSC
Oslo Maraton 2015. Foto: Frode Monsen / Sportsmanden.no

10) Oslo Maraton 2015. Min sjuande sub 3, berre 42 sekund frå pers, nr. 53 totalt og 5. plass i klassen. Ein herleg dag i hovudstaden!
11) Athen 2015. Mitt 100. maratonløp og Gro sitt første. Vi sprang i lag frå start til mål og Gro (klasse 45-49) imponerte både med tida 4.27, fordi ho aldri klaga, og fordi ho få timar etter målgang spurde meg kvar vi skal springe neste løp saman. Sub 3 er bra. Å springe med Gro er endå betre!

12243530_10156284876105243_3813309512905066396_n
Karmøy Maraton 2015, maraton nummer 101. Foto: Marit Ryland

For få dagar sidan sprang eg Karmøy Maraton. Det blei ein litt tung dag i løypa, men eg kara meg i mål på 3.19. Etter dusjen fekk eg det synlege provet på mine 100 løp, ein tung vase med inskripsjon, utdelt av maratonkongen sjølv, Inge Asbjørn Haugen. I bilen på veg heim fekk eg sjå eit stjerneskot sprute over kveldshimmelen då eg nærma meg fylkesgrensa til Sogn og Fjordane. Då var eg rask til å sette meg nye mål. For du kan nemleg ønske deg noko når du ser eit stjerneskot. Det kan til og med gå i oppfylling, det har eg lært.

Men som du sikkert forstår, kan eg ikkje seie kva eg ønskte meg. Kanskje eg kan eg fortelje det ein annan gong, om fire-fem år.»

20151121_142457
Terje Lyngstad med vasen for 100 maratonløp og medaljen etter sitt siste løp på Karmøy. Her sammen med Morten Vestvik og Stein Henrik Olaussen. Foto: Frode Monsen

 

Sportsmanden.no 

 

Spre idrettsglede og gjør Sportsmanden mer kjent med å dele innlegget!
- - - - - Annonse (klikk på bildet) ⬇️ - - - - -

One thought on “Fra kollaps og koma til historisk seier

  • For en artig fortelling skrevet så likefrem og underholdende som bare en skikkelig løper gjør det! Gratulerer med løp nr 100. 🙂 Og så på Karmøy da! Lykke til med de neste 100 maratonløpene.

Kommentarfeltet er stengt