Førstereisgutter fra Årdal på maratontur

Rapport fra Budapest Maraton

Så var endeleg tiden inne for den store maratondebuten for ni godt vaksne årdøler. To av av oss har riktignok sprunge maraton i Norge før, men det var første utenlandsmaraton for heile gjengen. Etter ein del diskusjonar på fellestreningar i bedriftsgruppa i fjor høst, enda me med å melda oss på Budapest Maraton, da den helga passa for alle.

Av Bjørn Fretland  

048
Bjørn Fretland kjenner det kriblar litt ekstra, dagen før utenlandsdebuten.

Me reiste fra Gardermoen på fredag føremiddag, og ankom hotell Ibis cirka klokken 14:30. Hotellet var strategisk valgt med tanke på at det låg rett ved start/målgang på Hereos square. Fire av oss hoppa rett i treningskleda og gjorde oss kjent med siste del av løypa, da passering 40 km var rett utanfor hotelldøra.

Ettersom løpet ikkje gjekk før søndag, brukte me lørdagen til å sjå oss litt omkring i den flotte byen. Det vart kanskje i meste laget med gåing, da me blant anna gjekk opp på slottshøgda på Pestsida av Donau. Skulle egentlig ta taubana opp, men ettersom det var lang kø, så tok me heller beina fatt. Med tanke på løpet søndag, så var det neppe den beste oppladninga, men greit å vera litt «turist» også, når man ein sjelden gang er på tur.

060
Parlamentet sett fra slottet.
035
Slottet sett fra den eldste brua i byen.

Så var endeleg dagen for den store manndomsprøven kommen, og det var nok ein litt smånervøs gjeng som sat rundt frokostbordet på søndag. I tillegg var det svært dårlege værprognoser, med 8 grader, vind og masse regn. Dette førte til stor usikkerheit om bekledninga, ettersom det vart ein lang dag i Budapest sine gater. Eg for min del stolte på YR, noko som skulle visa seg å bli skivebom. Det regna berre litt i begynnelsen når startskotet gjekk klokka 09:30, deretter vart det perfekt løpsvær, med 12 grader og «grei» vind. Eg hadde i allefall ikkje ville bytta med dei som måtte slita i solsteiken der i fjor, med 28 grader!!!

016
Geir Einan sprang sin maraton nr. 3, etter å ha sprunge i Oslo i 2000 og no i haust.

Der vart ei lang rekke, når 5600 maratonløpere, pluss mange stafettlag, svinga seg ut av Heroes Square og nedover mot Donau. Der gjekk mesteparten av løypa, og det vart totalt seks brokryssinger på dei vel 42 kilometrane. Langs løypa var det mykje liv og røre, med diverse musikk og underhaldning, som gjorde at det ikkje føltes så langt mellom kvart kilometerskilt. Men akkurat den siste mila, så kunne nok alle ønska seg at dei stod litt tettare. 🙂 Det var heile 12 drikkestasjonar i løypa, så det var ingen problem å få i seg nok med væske og næring undervegs.

12091315_1010737755635426_3873255666287091360_o
Bilde fra Facebooksidene til Budapest Marathon : Lang rekke ut av Heroes Square, etter start.

Dessverre så var det ein av gjengen som fekk det tøfft undervegs, og vart nødt til å bryte etter 25 km. Han har slitt med mykje skader i år, så han var i grunn forberedt på at det kunne skje. Uansett, åtte av ni til mål, med syv debutanter blir absolutt ført på godkjentkontoen! Tidene var ikkje det det viktigaste her, enten ein sprang på 3, 4, eller 5 timar. Berre det å få oppleva å passera målstreken etter ein sånn påkjenning, er i grunn verdt heile slitet! Trur neppe han som som sprang først over mål følte det så mykje bedre, enn me kom diltande både 1, 2 og 3 timar etterpå. 🙂 Høyrte at det var nokre som sleit med å halde tårene tilbake etter målgang, også… 😉

075
Arnt Stølen Moen var godt nøgd med innsatsen, trass krampetendenser på slutten.

Etter kvart som alle også hadde kjempa seg gjennom ein tøff dusj med øydelagte kroppar, måtte me jo sjølvsagt samlast til DEBUT-ØL i hotellbaren. Der steig stemninga raskt, etter kvart som væskebalansen vart gjenoppretta. Da gjekk det heller ikkje lang tid før me alle var klar for ny maraton-tur!

077
Velfortjent DEBUT-ØL på hotellet.
079
Dei to exil-årdølene Bjørn Hopperstad og Egil Rune Skjolden, kunne stadfeste at DEBUT-ØLET smakte.

Om kvelden vart det felles middag på den populære middelalder-resturanten, SIR LANCELOT. Her fekta betjeningen med sverd, rett bak ryggane våre, og bordet vårt vart pent nødt å velgja ut ein person til handbakduell! Den duellen tok råsterke Terje Øren seg greit av!

089
Terje Øren måtte ut i knalltøff handbakdull, på SIR LANCELOT.

På mandag vart det klart for heimreise for dei tre eldste, medan ungdommane hadde teke ein ekstra feriedag. Men først vart det ein tur opp til Szechenyi-badet, som låg i parken ikkje langt fra hotellet. Der fekk dei som ville løyst opp stive maratonmusklar. Om kvelden vart det litt shopping, og ein tur på HARD ROCK CAFE.

Szechenyi-Baths-outdoor-pools
Bilde fra Szechenyi bad sine heimesider : Flott badepark, rett ved hotellet, som vart testa av enkelte på mandag.
094
Fornøyde og blide maratonhelter fra Årdal i HEROES SQAURE: Fra venstre – Roger Moen, Jan Helge Sørebø, Arnt Stølen Moen, Terje Øren, Jan Einan, Bjørn Fretland, Bjørn Hopperstad.

 

Kort oppsummert så vart min første utenlandsmaraton ei svært positiv opplevelse, og det er vel liten tvil at det frister til gjentakelse, for alle som var med på turen!

Tekst og foto: Bjørn Fretland

Hjemmeside med resultater.

Les også Jørgen Saxegaard sin løpsrapport fra Budapest Maraton i 2013. 

 

Sportsmanden.no 

Lik gjerne
Del gjerne
  • 208
    Shares
Annonse. Nå HALV PRIS på Lactoferrin Gold på Innovatera.no når du bestiller via klikk på bildet