Racerapport fra sekundstrid i Berlin Marathon

Rune Solheim klarte målet om sub 2.40 med et nødskrik

Rune Solheim, lærdøl bosatt i Tønsberg, er en svært ivrig løper. Men med en travel jobb som leder av Mykjemeir i Asker og et liv som småbarnspappa, så er det begrenset hvor mye tid man kan bruke på trening. – Det er om å gjøre å trene smart, hevder Rune. Og det er nok akkurat det han selv gjør, for han leverer tider og prestasjoner på sine relativt få maraton- og ultrøløp som skulle tilsagt adskillig større treningsdoser. 27. september løp han Berlin Maraton. Målet der var under 2.40. Det ble en kamp mot klokken, mot minutter og sekunder, og en litt gjenstridig klokke gjorde det ekstra spennende for Rune.
Les hans egen rapport her:

img_783872_1001_0031
Berlin Maraton er et fagert skue.


Racerapport Berlin Maraton – Av Rune Solheim

Målet heile året har vore sub 2.40 i Berlin. 2.39.19 må då vera bra levert. Likevel var ikkje superfølelsen på plass etterpå. No har eg likevel erkjent at eg er fornøgd.

Berlin Maraton vart eit løp der fokuset var på klokka og tiden, ikkje stemninga rundt løypa. Då det viste seg at Garminklokka sin GPS ikkje stemte med løypa, vart dette ein stressfaktor. Målet var 3.48 pr km og klokka viste 3.46 frå 3 km og utover. Men km-passeringane i løypa kom lenger og lenger etter passeringane på klokka. Sidan eg ikkje hadde totaltiden på klokka og heller ikkje visste kor lenge etter startskotet eg passerte startstreken, vart eg meir og meir usikker på farten.

783822_1143_0013
USIKKER PÅ TIDEN: Rune Solheim sjekker klokken, men lot seg stresse litt av at kilometermerkingen og gps-tidene ikke stemte.

Ein kontrollert fyrste halvmaraton, der eg knapt kom inn i I-sone 3, viste seg i ettertid å vera 1.19.55 og ikkje nærmare 1.19.30 som eg trudde der og då.

Den planlagte jobbinga frå 35 km måtte starta allereie ved 26 km. Eg fann aldri ei gruppa som sprang så jamnt som eg ville, så heile løpet gjorde eg på eiga hånd. Likevel gjekk det greit å auka farten litt for å vera sikker på sub 2.40 til slutt.

783805_1092_0045
Ikke så lett å finne riktig gruppe heller, selv ikke i et av verdens største maratonløp. Da får man heller gjøre jobben selv.

Draumen, som hadde bygd seg opp som følgje av 3.46-fart på klokka, om å sjå 2.38-talet i mål vart skrinlagt og fokuset var rytme, stegfrekvens og inntak av drikke og gel. Dette var faktisk mitt fyrste løp med gel, og WinForce sin gel med kokossmak fungerte iallefall på magen. Kva den hadde å seia for sluttida ellers følte eg lite på 🙂

Etter 37-38 km skimta eg André Borgen som eg visste skulle under 2.40. Eg rekna med han hadde kontroll og bestemte meg derfor for å henta han langsomt inn dei neste kilometerane. Ein WinForce Boost vart fortært utan noko anna merkbar endring enn litt dårleg smak i munnen.

783814_1001_0004
MENTAL KAMP: Maraton krever sitt, og Rune Solheim fokuserte spesielt på stegfrekvens og rytme.

Så kom sjokket mellom 40-41 km: klokka viste 3.58 og panikken satte inn. I ettertid viser offisiell tidtaking 3.42-fart på dei siste 2,2 km. Etter 41,5 km seig eg opp på sida av André, og etter å brukt han som fartsholdar i Drammen 4 veker før, bestemte eg meg desverre for å prøva å dra han med inn. Det kan også henda at kroppen helst ikkje ville ha ein langspurt. Eit lite sekunds vurdering vart iallefall raskt avslått frå toppetasjen 🙂 I ettertid burde eg i grunn fulgt tankane frå omlag 40 km om å susa forbi. For etter ein ørliten fartsauke hang André på og så knuste han meg dei siste 200 meter då eg såg at 2.39 var sikra. Endå visste eg ikkje om det kanskje kunne holda til 2.38.

783854_1005_0022
Rune Solheim kan jublende konstatere at han klarte målet om sub 2:40. Sluttiden ble 2:39:19.

I mål var følelsane blanda, men nokre tårer over nådd mål kom likevel. Eg måtte vera fornøgd med «prosjektet» Berlin Maraton 2015.

Vegen tilbake til hoteller var laaaang på tross av to Erdinger 🙂

783841_1001_0012
En av de to Erdingerne som gjenopprettet væskebalansen etterpå.

«Prosjektet» Berlin Maraton besto i å persa med 5 minutter ved å auka treningsmengden litt. «Dessverre» viser det seg at ein faktisk kan springa fortare ved å trena meir.

Eg held fortsatt på filosofien om at totalbelastningen i livet; familie, søvn og jobb må vera ok før ein aukar treningsmengden. Så får ein heller trena smart. Dei 4 åra eg har registrert treninga mi har eg følgjande løpedistansar: 2012: ca 2700 km, 2013: ca 2900 km, 2014: ca 2700 km. I 2015 klarar eg ikkje målet om å holda meg under 3000 km. Pr 30.09.2015 har eg 2977 km. På same tid hadde eg ca 2350 km i fjor, ca 2200 km i 2013 (pers 2.44), ca 2250 km i 2012 (pers 2.46). Altså ein ganske markant auke i kilometer, men 2015 er fyrste året eg har holdt meg frisk januar-september.

783789_1002_0034
MISSION COMPLETED: «Prosjekt Berlin Maraton» er i boks for Rune Solheim.

Sjølv om eg hadde planar om at dette var god nok pers, så kan det henda at neste år også vert eit år med forsøk. Kanskje i Berlin frå startgruppe A?

No er neste mål NM 24-timars og i år trur eg at det vert eit skikkeleg forsøk frå start. Men med ein fornuftig plan likevel.

img_783872_1001_0046
Vil «Prosjekt Berlin Maraton» fortsette til neste år, med start i pulje A?

Foto: Privat / (Marathonphoto.com/Arrangøren)

Les også: Berlin Marathon – Alles ist (nicht) verloren!

 

Sportsmanden.no

 

Lik gjerne
Del gjerne