Race Report: Comrades Marathon 2015 (Up)

En hyllest til verdens eldste og største ultramaraton

Comrades Marathon er dryg med sine to maratonlengder og nokre kilometer til (87.72 km). Eit eineståande løpseventyr. Det handlar om å kjempe forferdelig mange og lange motbakker, rå omfemnande varme og krevjande mentale krigar.

Av Sondre Bjotveit

Dette er kan hende ikkje eit klassisk løpsbrev. Meir er det ein hyllest til verdas eldste og største ultramaraton.

Eg vågar påstanden. Comrades Marathon må vere noko av det mest eventyrlege av sitt slag.

Annonse (Klikk på bildet for info/påmelding)
IMG_7484
Godt nervøs før start

I år var det «opp» frå havnebyen Durban til provinshovudstaden Pietermaritzburg (660 moh) via det høgste punktet på 840 moh. Det skulle bli om lag to tusen meter stigning totalt. Smerte gjenopplever eg her eg skriv.

No kan eg samanlikne med «bragdene» mine for to år sidan og kan stolt fortelje at eg klokka inn på ni timar og trettini minutt. Ein halvtime raskare enn i 2013, altså. Og det attpåtil etter at løypa nesten var forlenga med ein kilometer grunna vegarbeid.

Men framleis ein skuletime etter målet. Det er meir å streve mot. For tilbake vil eg.

IMG_7470
90 år med løpshistorie

Det er mørkt klokka halv seks. Sommarvarmt er det også. Når startskotet går har 17000 springarar høyrt Shosoloza, Chariots of Fire og den sørafrikanske nasjonalsongen. Dei aller fleste har tørka tårer. Stemninga treff hjarterota.

Det bølgjar Comradespringarar gjennom gatene.

Dei er i alle fasongar. Ulikheitene set sitt eineståande preg på feltet. Dei superraske ser eg aldri. Det er først når eg har vondt i beina, viljen og alle andre stader eg får høyre at det for første gong på ein generasjon er sørafrikansk vinnarar både i dame og herreklassen. Avisene brukar store ord dagen derpå.

IMG_7509
.

Men mosjonistane «skapar» også Comrades. «Vi» som snublar over mållinja etter tolv timar. Hendene hevar vi. Sidemannen omfemnar meg. Tårene trillar. Smertene rir kvar minste muskel i skrotten. Kjenslene er utanpå kroppen. Gledestårene strøymer til. Igjen.

Eg kjenner meg stor når funksjonæren legg medaljen over nakken. Han gir meg ein bamseklem. Det er kudos å høyre. Comrades Marathon gjer meg – og så mange fleire til – til vinnarar. Ni mil vekkjer store ord.

Løpet gjer noko med oss. Også dei fire tusen som ikkje nådde fram til mållinja innan fristen på tolv timar. Dei aller fleste stiller opp neste år for å hente sin medalje.

IMG_7529
Beviset

Årets løp var det nittiande i rekka. Halvvegs var eg par med målet om å tangere den første vinnartida i 1921 (8t59min). Då hadde allereie heiten omfemna meg med sine voldsomme krefter. Og sola var enda ikkje på sitt høgste.

Siste halvdel av løypa er «mindre» krevjande. På papiret. Det er til lita hjelp når kvar ein bakke reiser seg som ein tinde. Eller når nedoverbakkane får det til å rive smerter i lårmusklane. Eg hadde gløymt at det er aldri kvile å få på Comrades. Minus det flate strekket frå start og ved målgang, er det anten opp eller ned. I ni mil.

Då er det til hjelp at sørafrikanarane går mann av huse. Dei heier alle fram, og veit å sette pris på dei om lag to tusen internasjonale tilreisande. Ropar namnet ditt. Gir deg ei brødskive. Og klappar deg på skuldra.

Eg håpar eg ikkje fornærma nokon når eg såg stjerner, subba asfalten og knapt kunne reise tommelen i takksemd.

Det er som 17. mai, Holmenkollsøndag og bursdag på same dag.

IMG_7493
.

Mang ein gong skulle eg så gjerne sette meg i vegkanten. Vinne kvile saman med tilskodarane. Dei sat der godt nøgde med pølsene på grillen og kalde drikker å leske seg på. Musikken dei spela kunne eg iallefall verdsette.

Det er dette som skapar magien. Saman med samtalen med sidemannen, eller like ofte kun tunge pustar. Eg freista å unngå å la orda «aldri meir» rulla ut or munnhola, til inga nytte. Vi skapte noko stort. Der vi spaserte (sic!) skulder ved skulder, med kvar vår iskrem i handa.

Inititivtakaren Vic Clapham ville lage eit krevjande løp. Bare slik kunne det heidre dei falne i første verdskrig. Og det er kameratskapen som set sitt eventyrlege preg på dette prestisjefylte løpet.

Arrangørane gjer alt dei kan for å sikre ei perfekt gjennomføring. Startnummerutdelinga er ei knirkefri sportsmesse. Ho tilbyr alt ein ultraspringar kan draume om.

Gjennom løpet bugnar det av tilbod om mat og drikke. Kva kilometer blir det langa alt det er å draume om. Kan hende er det bare hengekøye dei ikkje tilbyr.

Kompis Mark fullførte sitt niande løp (sic!) med stil
Kompis Mark fullførte sitt niande løp (sic!) med stil

Comrades sel seg sjølv som “The Ultimate Human Race”. Kanskje eit glatt marknadsuttrykk? Ikkje heilt. Etter å ha sluttført reisa på nesten ni mil for tredje gong, er det lett å erkjenne. Attpåtil vil eg legge til det andre slagordet “Hard is What Makes it Great”.

Dagen derpå er det superlett å finne roen når bølgjene kastar seg inn på stranda i Durban. Enda lettare er det å utveksle «krigshistoriar» med kompisar. Vi opplevde mykje gjennom ein lang dag på vegen.

Påmeldinga startar i september. Alt som må til er å snike under maraton på fem timar. Då får du billett til ei eineståande løpsfest. Eg «gru-gler» meg allereie til neste løp 29. mai 2016.

#iComrades #Comrades2016

Sørafrikanarane Gift Kelehe og Caroline Wöstmann vann på tidene 5t 38 min og 6t 12min.

Stort! Bob de la Motte (Runaway Comrade) var ein kjempe på åttitallet med to andre plassar. Mellom oss fire har vi 19 Comrades-medaljar. Fin gjeng!
Stort! Bob de la Motte (Runaway Comrade) var ein kjempe på åttitallet med to andre plassar. Mellom oss fire har vi 19 Comrades-medaljar. Fin gjeng!

 

Du kan følge maratonglede  også på facebook og instagram.

 

Sportsmanden.no 

Lik gjerne
Del gjerne
Annonse (Klikk på bildet for info/påmelding)