Løpsrapport fra Jølster Maraton

Jølster maraton, 5. juli 2014

Av Sondre Bjotveit 

Snøkledde fjelltoppar leikar på Jølstravatnet. Innst i dalen kjem Jostedalsbreen til syne. Jølster maraton er ein vakker klassikar. Kanskje Noregs vakraste.

Eg skulle vinne, huksar eg på ved start. Ikkje som første over mål. Men sigre over meg sjølv. Dei siste tre vekene var dette meldinga, overtydd av rundar med fartsleik og mengdetrening. Skal eg få løyse inn personleg rekord?

Slik blir det ikkje. Feberrus tok meg tidleg i veka. Eg orka ikkje tanken på å snøre joggeskoa for dei siste førebuingane. Snarare var senga beste botemiddel. Men å stå over maratonløp er sjeldan aktuelt.

blogger-image-152102363
Kroppen er overraskande god ved start. Flytsona kjem lett dei første kilometrane. Dei går unna, etter opphavleg plan. Maratonsmilet smyg seg på.

Men etter første mil dreg alvoret til. Fire kilometer til og eg må senke farten. Halvvegs blir eg audmjuka av meg sjølv. Hjarterytmen er unormalt høg. Fornya energi etter heiarop frå bror og sikt til majestetiske Jostedalsbreen er kortvarig. Fire maratonmil skal bli ekstra lange.

blogger-image-1054065088

Minste kneik reiser seg fjellstøtt. Springarar på kortare distansar dansar forbi med friske bein. Eg gjer forsøk på å følgje mosjonistane. Inga hell. Korleis var det mogleg å fullføre 89 lange kilometer fire veker tilbake? Maratonveggen femner om ei ny snikande febertokt.

Sneglefarten er for lengst i gir. Det er få andre val enn å skifte fokus. Eg løftar blikket, bokstaveleg tala. Å ergre seg over det tapte gir lita vinning. På Jølster er det lettare enn andre stader.

blogger-image-1762928828

Flotte dalsider badar i steikande sol og ender på Jølstravatnet. Snøkledde fjelltoppar avlar heilt spesielt lys. Eit smykke for augesynet. Fleire kunstnarar har her funne inspirasjon. I løypa passerer vi Nikolai Astrup-museet.

Jølster maraton er også større enn 42 kilometer. Det blei rekorddeltaking i løpets imponerande 32. årgang. Totalt mellom 700 og 800 deltakarar. Av desse sprang halvparten konkurranse over 42, 21, 10 eller fem kilometer. Dertil kom miniton (4.2km) for dei som skal lage draumar om større bragder. Ramma byr opp til ein minnerik løpsfest, med sterkt lokal preg.

I hopetal tråkka jølstringane løypa på sykkel. Heiarop bar langt i dalsida. Ved målgang stod resten av bygda for å ynskje sine søner og døtre velkomne.

Dei skal få ein minnerik dag. På oppløpet reiser Terje Lyngstad jubel. Jølstringen har hatt ein fantastisk sesong med stadige bestenoteringar, er første mann heim og vinn på 2:59:58.

 

blogger-image-1164448129
Størst merksemd utover bygdegrensa får likevel førdingen Marius Vedvik. Han heiser det norske flagget med ny norsk rekord på 5k, med imponerande 14:02.

Sjølv «vann» eg mi klasse, på ei svært lite imponerande tid. Neste år vil eg ha revansj. I mellomtida vender eg blikket på Istanbul Marathon i november som årets siste mål.

Løypeprofil
Maratonløypa går langs Jølstravatnet. Den er stort sett flat, kun avbroten av nokre kneiker mellom 18 og 24 kilometer. Utfordringa på Jølster er varme. Lokalfolket fortel at første helga i juli alltid er tørr og heit. Noko motvind høyrer også med.

Organisering
Løpet er svært godt organisert. Lokale ildsjeler i Jølster IL flyt på solid erfaring dei siste tredve åra. Megapluss for kaffe og kaker ved nummerutdelinga. Løypa er godt merka. Undervegs tilbyr funksjonærar rikeleg med drikke, av ulike slag. Flott at det også tilbys løp på «alle» distansar.

Totaloppleving
Jølster maraton er av det vakraste i Noreg, også denne fritt for brustein og andre urbane trekk. Det bør bli ein sommartradisjon for fleire å delta på denne unike løpsfesten.

– – –

Her kan du se Sondre Bjotveit sin blogg Maratonglede.

 

sportsmanden.no 

 

 

Lik gjerne
Del gjerne
  • 35
    Shares