InternasjonaltMaratonTerje Lyngstad

TÅRER FOR BOSTON

En rørende løpsrapport fra Boston Marathon

- - - - - Annonse (klikk på bildet) ⬇️ - - - - -

Av Terje Lyngstad 

For mange løparar starta det 118. Boston Marathon under fjorårets løp. Eg deltok der for første gong og var frå meg av glede då eg passerte målstreken på 3.17,21. Eg skal innrømme at eg grein ein skvett, og det er lov når du går over mållinja i Boylston Street. Det blir hevda at ein løpar kan gråte av tre grunnar: når han kvalifiserer seg til Boston, når han får melding om at han har fått plass i løpet og når han går i mål. Drøye 50 minutt etter at eg passerte målstreken i 2013 fekk eg enno ein grunn til å gråte. To bomber gjekk av i målområdet, tre menneske vart drepne og over to hundre vart skadde, mange av dei måtte amputere. Ein av dei drepne, 8 år gamle Martin Richard, stod og venta på at faren skulle kome i mål då terroren råka. Veka før maratonløpet hadde han laga ein plakat med orda ”No more hurting people. Peace.”  for å gi uttrykk for tankar og kjensler han hadde etter ei skulemassakre i Newtown i Connecticut kort tid i førevegen.

Boston5
Martin Richard som så tragisk omkom under fjorårets Boston Marathon. Bildet av gutten med plakaten han laget noen dager før han ble drept, har gått verden rundt og symboliserer også håp. (Foto: fra facebook)

Då det gjekk opp for meg kva som hadde hendt, bestemte eg meg for at eg måtte reise tilbake til Boston i 2014 for å heidre minnet til dei døde, at eg skulle ta med meg dei eg er mest glad i, dei to borna mine på  14 og 17 år, og at eg skulle gjere alt som stod i mi makt for å springe mitt beste løp nokon sinne, nærmast som ei symbolsk handling, for å vise at terror ikkje skal øydelegge noko av det finaste vi har, idretten, ein arena som ikkje tek omsyn til politiske skiljelinjer, religion, etnisitet eller andre motsetnader.

- - - - - Annonse (klikk på bildet) ⬇️ - - - - -

I juni 2013 sette eg pers i Stockholm Marathon på 2.59,23, noko som òg gav meg ei god kvalifiseringstid til Boston, sidan kravet for mi aldresgruppe, 45-49 år, er 3.25. Eg var så godt som sikra å få starte langt framme i den første startpulja. Gjennom heile resten av året la eg inn store treningsmengder med lågt tempo, slik at eg skulle vere klar for eit 16 vekers program frå nyttår til 21. april 2014, datoen får årets Boston Marathon.

Måndag 30. desember, på 47-årsdagen min, starta eg mitt heimesnekra treningsopplegg, der målet for løpet, 2.55,00 vart spikra på veggen på kjøkkenet mitt i lag med fjorårets medaljar frå Boston og Stockholm, eit svært inspirerande syn. Treningsprogrammet var bygd opp enkelt. Kortintervallar frå 400 til 1600 meter på måndagar. Tempoturar frå 5 til 13 km på onsdagar og langtur frå 21 til 32 km med relativt høgt tempo på laurdagar. Tre av desse langturane var maratonløp i Maratonkarusellen i Fana. Dei andre dagane sprang eg restitusjonsøkter på ca. 16 km. Frå februar auka eg treningsmengda frå å springe ein gong om dagen, til å springe morgon og kveld. På 16 veker hadde eg lagt bak meg i overkant av 2500 km, og på det meste var volumet i veka 260 km, fordelt på 11-13 økter. Dei aller fleste øktene vart gjennomført på mølle pga. dårlege verforhold og fordi eg ville ha så kontrollerte forhold som muleg. Den siste testen vart gjort i Maratonkarusellen i Fana 16 dagar før løpet, der eg sette ny pers på 2.58,14, noko som førte til at eg justerte målet mitt i Boston til 2.50.

I februar var eg på SiB i Bergen hos Dag Hilland og målte VO2 maks og laktat for å finne terskelfart og aerob terskel. Frå februar til april gjennomførte eg fem kroppsanalyser hos Spenst i Førde, for å følgje utviklinga av vekttap og korleis treninga påverka muskelmassen. I denne perioden gjekk eg ned sju kilo, med ein samla reduksjon av muskelmasse på 200 gram.

For einkvar maratonløpar er Boston å rekne som eit pilgrimsmål. Reisefølget mitt skjønte snart at dei var i ferd med å bli innvigde i dei meir eller mindre religiøse kjenslene eg kjenner for maratonsporten. Vi kom til byen fem dagar før løpet, både fordi eg ville bli kvitt jet lag før løpsdagen, og fordi vi ville bruke påskeferien til å oppleve byen og området rundt. Og Boston har verkeleg mykje på menyen; byvandring gjennom sentrale deler av tidleg amerikansk historie, universitetsområda rundt MIT og Harvard, museum både for eldre kunst og samtidskunst, kyrkjer, Boston library, flotte parkområde, gode restaurantar, butikkar og mykje meir. Innbyggarane er gjestfrie og då helga nærma seg, dukka det opp fleire og fleire løparar som sette sitt preg på bybiletet. Expoen opna fredagen, og etter å ha henta startnummer og motteke t-skjorta, kan du bruke resten av dagen om du vil på å oppleve kva all verdas leverandørar i løpeindustrien har å tilby. Eg tvilar på at det er muleg å gå tomhendt frå denne messa. Min fangst var m.a. to nye Newton løpesko, mitt føretrekte merke dei siste tre åra.

Boston1
Fin fangst fra expo-en. (Foto: Veslemøy Lyngstad)

Heile veka gjekk det ein jamn straum med menneske opp og ned langs Boylston Street for å besøke mållinja, som er på plass allereie ei veke før løpsdagen. Staden er ein ynda bakgrunn for foto som raskt hamnar ute på ulike sosiale medium. I år var stemninga ekstra lada rundt mållinja, vi fekk ei kjensle av at høgtid då vi gjekk der.

I treningsopplegget mitt var eg sjølsagt i tapering-fase denne veka. Hotellet vårt som låg eit steinkast frå mål hadde treningsrom med mølle, så eg fekk gjennomført dei siste øktene mine der. Med startnummer 4294 var eg i første bølgje og bås 5. Boston Marathon er utruleg godt organisert, og logistikken fungerer til punkt og prikke. I år var det fire bølgjer og 9 båsar i kvar bølgje. Min start var kl 10, samtidig med elite menn. For å kome til start i Hopkinton må alle ta buss frå Boston Common, USAs eldste offentlege park, som ligg ca. 800 meter frå mållinja. Eg var tidleg oppe og laga frukost som eg kunne ta med på bussen. Pga. nye rutine for tryggleiken, kunne ingen ha med seg bagar, posar eller liknande. Vi måtte bere maten i nevane eller putte den i lommar, og kunne berre sjekke inn ein gjennomsiktig plastpose med klede og andre eigedelar som vi måtte legge att i parken. Eg valde å ikkje sjekke inn noko, sidan eg hadde kort veg til hotellet etter målgang.

Boston kan vere kald i april, og særleg om morgonen. 21. april i år var ikkje noko unntak, men vêrmeldinga lova ein perfekt løpedag – ca. 10 grader ved start, og 17 grader midt på dagen, 2-3 sekundmeter medvind og sol. Då vi sette oss på bussen kl 7 om morgonen viste derimot gradestokken 4 grader, og det var godt å ha på seg tre lag gamle tjukke treningsklede. Dei ville bli lagt att ved start, og kome trengande til gode når dei blei plukka opp av ulike hjelpeorganisasjonar.

Bussturen tek ca. 50 min, og du pratar garantert med den som sit ved sidan av deg frå du har sett deg til bussen stoppar. Min setekamerat var 41 år gamle Lisa Richardson frå Canada. Ho skulle berre kose seg gjennom løypa, sa ho, sidan det store målet hennar var Toronto Marathon på heimebane nokre veker seinare.

Etter ein kort visitt i løparlandsbyen, der du får servering av kaffe, bagels, vatn, Gatorade og anna snacks, var det tid for oppstilling for bølgje 1. Alt går som sagt etter fastlagde skjema, og for min del var avmarsj kl 0905. Frå løparlandsbyen til start er det ca. 800 meter og på vegen er det muleg å gå ein siste gong på toalett, som pga. den store mengda med flyttbare wc gjekk raskt unna. Etter eit kvarters oppvarming med nokre småspurtar og ein innlagt stopp under avsynginga av den amerikanske nasjonalhymna, var endeleg tida komen. Eg skulle starte på min oddysé mot Boston, ei reise eg hadde sett fram til i over eitt år, eit mål alt treningsarbeid hadde dreia seg om i nesten fire månader.

Boston3
«Mr. Spenst» inspiserer startområdet. (Foto: Veslemøy Lyngstad)

Løypa i Boston kan sjå lett ut, men ho er krevjande. Ho har ein samla drop på ca. 180 meter frå start til mål, men det meste av nedoverbakkar får du i byrjinga og dei siste 9 km. Siste halvdel av løypa, som m.a. inneheld dei berykta Newton hills, har meir oppoverbakke enn nedoverbakke. Planen min var å ligge rundt 4 minutt på kvar km som var flat eller gjekk nedover, og å halde maks 4,20 på kvar km som gjekk i oppoverbakke. Sidan eg bruker gjennomsnitt som måling på Garmin-klokka mi, var målet at snittet ikkje skulle ligge over 4,10 gjennom heile løpet.

Løpet vart eit eventyr frå start til mål. Eg kom raskt inn i rett tempo, og ved passering halvmaraton i Wellesley var tida 1.25,55. På det tidspunktet visste eg at eg ville sette ny pers ut frå kjensla eg hadde, eg sprang utan å anstrenge meg. Samstundes visste eg at forventa tid ville bli rundt 2.55, sidan den siste halvdelen er mest krevjande. Det er få som spring med negativ split i Boston. Sjølv om eg har hatt det på dei to siste persane mine, var det ikkje noko mål her.

Publikum var heilt ekstremt i år. Det er vanskeleg å skildre desse tilskodarane, og det er feil å kalle dei det, for dei er snarare supportarar – dei heiar ikkje, dei hyler, og dei står fire-fem djupt på kvar side av vegen i lange strekk av løypa og dei siste ti km frå Heartbreak Hill og Boston College står dei gjerne åtte-ti djupt. Og dei skreik til nettopp meg, i alle fall kjendest det slik når dei ropte ”come on, Spenst”, ”you can do it, Spenst”, ”looking good, Spenst”. Dei trudde eg heitte Spenst, fordi eg hadde trykt Spenst, namnet til sponsoren min, på brystkassen. På baksida hadde eg skrive med store bokstavar: ”No more hurting people. Peace.” – vesle Martins plakattekst, som eg både mentalt og fysisk kjende skubba meg fram i løypa, særleg i oppoverbakkane.

Boston2
Ryggen til startnummer 4294, Terje Lyngstad, fra Sogn

Ein til to gonger kvar veke i treningsperioden visualiserte eg løypa og såg for meg korleis eg skulle springe dei ulike strekka, kva fart eg skulle ha og kva eg skulle føle, ei førebuing som var gull verdt. Det kjendest som om eg hadde sprunge løpet mange gongar før i same farten, med den same kjensla av å ha det godt. Men eg gjorde ein tabbe. Når du les om løypa, står det gjerne at det er tre bakkar i Newton Hills, mellom 26 og 33 km, og det var det eg såg for meg. Etter tre bakketoppar var eg komen til 31 km, og på toppen av den siste ropte eg til ein politimann og spurde om dette var den siste bakken, Heartbreak Hill. I det øyredøyvande bråket frå publikum syntest eg at han nikka og ropte ja, men eg skulle stolt på km-skilta og visst at Heartbreak Hill kom litt lengre framme. Eg auka tempoet for å sette i gang ”sluttspurten” litt for tidleg, for litt lenger framme kom nettopp Heartbreak Hill, noko som sette meg litt ut mentalt, og som gav muskulaturen ein tanke meir overtidsarbeid enn nødvendig.

Tre km før mål kjende eg at kroppen var i ferd med å stenge av, men då var eg så nær, og hadde så mykje å mobilisere, mest mentalt, fordi eg kunne fortelje meg sjølv heile vegen at eg var sterk nok, trass alt, til å kome meg i mål utan for mykje tap av tid. Eg brukte mantraet mitt, ”eg vil, kan og torer”, og tenkte på vesle Martin Richard og på ungane mine som ville stå 100 meter før mållinja med norske flagg og vente på meg, og beit tennene saman. Sjølv om dei siste tre km er delvis nedoverbakke og flate, måtte eg opp i 4,20 i snitt før eg forlet Hereford Street og svinga inn på Boylston Street, der det er ca. 200 meter igjen og du ser mållinja i det fjerne. Eit ellevilt publikum stod pressa saman i tusental på begge sider. Kroppen kjendest ut som ein utmatta klump full av gåsehud, og då eg såg ungane stå der og vinke med dei norske flagga, var det umuleg å halde tilbake tårene, både for Martin Richard og dei andre som vart hardast råka i 2013, for kvar enkelt supportar langs løypa som vinka og hylte og gjorde ein like stor jobb som oss som var ute i løypa, og ikkje minst fordi eg visste at eg hadde nådd målet mitt som eg hadde streva så hardt for å nå. Vi hadde alle, på kvar vår måte teke tilbake mållinja i Boston, vi hadde teke tilbake idretten og maratonsporten, og gjort den til det den skal vere, ein einaste stor fest.

Klokka stoppa på 2.56,34 – eg hadde sprunge mitt beste løp nokonsinne, der eg året før opplevde den største oppturen i løpelivet mitt til då, og den største nedturen.

Boston4
Terje Lyngstad kan stolt vise frem medaljen etter sitt livs løp. (Foto: Veslemøy Lyngstad)

Epilog: Vi brukte hotellets transportteneste for å kome oss tilbake til flyplassen dagen etter løpet. Då vi hadde sett oss inn i bilen, snudde sjåføren seg og spurde meg om eg hadde sprunge Boston Marathon. Eg sa ja, og spurde han om han hadde sprunge, han såg ut som ein godt trena mann. Han svara nei, men at han i 2001 hadde vunne New York City Marathon. Eg trudde først at eg hadde høyrt feil, men etter kvart forstod eg at sjåføren vår var Tesfaye Jifar frå Etiopia, som nokre månader etter angrepet på tvillingtårna i New York vann på tida 2.07,43, ein løyperekord som stod i ti år. Same året vart han nr. 2 i Tokyo Marathon og vann Saint Silvester Marathon i Brasil. Den beste tida hans er 2.06,49 i Amsterdam Marathon i 1999 (etiopisk rekord den gongen), der han vart nr. 2. Tesfaye har to bronse (1999 og 2000) og eitt sølv (2001) frå VM i halvmaraton. Der sat vi altså, eg og ungane, og snakka med ein av verdas beste løparar ved årtusenskiftet om alt frå løping til familiegjenforening. Eg var starstruck og snakka over meg for å få gode treningstips. På flyplassen fekk eg autograf og dottera mi, Veslemøy, tok bilete av meg saman med min nye helt. Dei siste orda han sa, var til sonen min, Vebjørn. You must run, sa han. Yes, I will! svara 14-åringen.

Boston6
Litt starstruck, med Tesfaye Jifar. For ordens skyld, Terje Lyngstad er han til høyre 🙂 (Foto: Veslemøy Lyngstad)

 

Se også: Boston tok sitt maraton tilbake

PS. I morgen, lørdag 26. april, løper Terje Lyngstad Bergen City Marathon!….

 

sportsmanden.no 

 

Spre idrettsglede og gjør Sportsmanden mer kjent med å dele innlegget!
- - - - - Annonse (klikk på bildet) ⬇️ - - - - -

One thought on “TÅRER FOR BOSTON

Kommentarfeltet er stengt